Venstre sit ikkje i kommunal- og forvaltningskomiteen, men vi kjem til å støtte tilrådinga i denne saka. Det er ikkje fordi vi trur at det grunnleggjande sett kjem til å føre til ein revolusjon og ei løysing av den reelle krisa som no er rundt om i heile Kommune-Noreg, men fordi det, i påvente av at vi tek den grundige, heilt nødvendige og overordna debatten om korleis vi skal rigge Kommune-Noreg for framtida – ein debatt veldig få parti i denne salen ser ut til å vere villige til å ta – i alle fall ikkje kan skade at vi tar endå ein runde med gjennomgang av kommunesektorens oppgåver, ein gjennomgang av korleis vi kan gjere ting betre enn i dag innanfor nøyaktig den same strukturen som i dag, og ein gjennomgang av korleis vi kan få endå fleire pilotforsøk med nye måtar å løyse oppgåver på etter forsøks- og frikommuneprinsippet. Det er i alle fall betre å prøve litt til enn ikkje å prøve noko i det heile tatt. Likevel: Om det vi kjem til å vedta i denne saka, monnar for å få ein kommunesektor som er sterk nok, robust nok, og som har musklar nok til å gjere det som er nødvendig for å løyse oppgåvene i framtida, vil eg setje store spørsmålsteikn ved. I store delar av Noreg, ikkje minst i dei delane av Noreg der utfordringane med å få tak i kompetanse og få løyst oppgåvene er størst – f.eks. i Nord-Noreg og i Innlandet – har vi grunnleggjande sett nøyaktig den same kommunestrukturen vi har hatt i 60 år, og tida har gått frå han. Vi har no bak oss fire år med ei regjering som faktisk har klart å svekkje finansieringsgrunnlaget og handlekrafta til dei nye og større kommunane vi har fått i andre delar av landet, som følgje av det som i alle fall var ei halvvegs kommunereform, som den førre regjeringa utførte. Gjennom det skapte ein faktisk større og sterkare kommunar ein del stader i landet, rigga i tråd med dagens bu- og arbeidsmarknadsregionar og klare for å løyse oppgåvene. Dei har denne regjeringa vald å underminere finansieringa av. Dette er å pirke i fasaden – vi legg endå eit strøk med maling over fasaden. No må vi snart begynne å gjere noko med grunnmuren for å gjere han robust nok for framtida, for å sikre eit reelt kommunalt sjølvstyre i framtida.