Kommunale tenester er grunnfjellet i velferdsstaten, og dei betyr mykje for livet til folk. Vi er mange som har sett på Team Pølsa på NRK den siste tida. I programmet kjem vi tett på ungdomar som er avhengige av hjelp frå andre for å kunne ta ut sitt potensial og leve eit sjølvstendig liv. I programmet blir det så tydeleg kva god assistanse har å seie for meistring og følelsen av å ha verdi for andre, anten funksjonshindringa er psykisk eller fysisk. Det er sterkt når ein av deltakarane i etterkant står fram i Dagsrevyen og seier at kontrasten mellom tida i Team Pølsa og kvardagen heime i kommunen er svært stor. Forventingsgap og styringstrykk er tekniske ord brukte av KS. Eg meiner at vi ikkje bør møte gjengen i Team Pølsa med dei orda. Det handlar om gode kommunale tenester og fullfinansiering av desse, så alle kan få eit godt liv utan tvang og isolasjon, og slik at kommunane kan bli gode arbeidsgjevarar og byggje kompetanse over tid. SV meiner dei lovpålagde oppgåvene Stortinget vedtek, treng finansiering, ikkje fjerning. I høyringa peika Likestillingsombodet på at det samfunnsøkonomisk lønar seg å gje god hjelp til meistring, men ofte er det slik at kommunane har kostnader, medan staten hankar inn innsparingane som kjem av at funksjonshindra får rett og god hjelp, så dei kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv, der dei også kan vere ute i løna arbeid og betale skatt. SV er også klar over demografiutviklinga og behovet for omstilling og det å få meir ut av ressursane. Difor støttar vi vedtaksforslag I, om å opne for fleire forsøk etter frikommuneprinsippet. Likevel: Når høgresida dei siste dagane har snakka om store skattekutt til dei rikaste og kutt i velferd og offentleg sektor, trur eg ikkje tida er inne for ein gjennomgang for å fjerne innbyggjarane sine lovbestemte rettar og fjerne alle øyremerkte midlar, sjølv om endringa sjølvsagt kan føre til betre disponering av midlane. Diskusjonen om korleis ein skal løyse utfordringane på ein smart måte, ynskjer vi velkomen, og eg viser til at det arbeidet statsråden har gjort greie for, allereie skjer, i dialog med KS og i budsjettprosessane.